姓名: Folque 英文名:- 性别:男 国籍:- 出生地:- 语言:- 生日:- 星座:- 身高:- 体重:-
Morten Bing (mandolin, dulcimer), Jørn Jensen (guitar, vocals, 1973-74), Eilif Amundsen (banjo, bass, guitar, 1973-78), Lisa Helljesen (vocals, 1973-77), Trond Øverland (bass, 1973-75), Trond Villa (fiddle, 1973-77), Lars Helljesen (guitar, vocals, 1974-84), Morten Jakobsen (drums, 1975-80), Jenn E. Mortensen (vocals, 1977-84), Øyvind Rauset (fiddle, 1977-81), Per Vestaby (bass, 1978-79), Pål Søvik (drums, 1980-84), Roald Thommesen (bass, 1980-83), Espen Løvstad (percussion), Jan Devik (bass, 1980)
Folque var ei folkrockgruppe frå Oslo som oppstod i 1972. Gruppa blanda norsk folkemusikk med rock på liknande måte som Fairport Convention og Steeleye Span gjorde i England.
Bandet starta som ei visegruppe kalla Brød og Vin, men etter kvart som bandet utvikla seg skifta dei namn til Folque. Bandet hadde stadige utskiftingar og berre Morten Bing var med i bandet heile tida. I tillegg Morten Bing var dei første medlemmene i bandet Jørn Jensen på gitar, Eilif Amundsen på gitar og andre strengeinstrument som banjo, mandolin og dulcimer og Lisa Helljesen på vokal. Andre medlemmer som var i bandet i seinare tid var Lars Helljesen, som var bror til Lisa, på elektrisk gitar, Øyvind Rauset på fele og Jenn Mortensen, som tok over for Lisa Helljesen på vokal. Per Vestaby spelte bass frå 1978 til 1980 og var seinare med i band som Veslefrikk, Mercury Motors og CC Cowboys.
Av dei mest kjende songane til Folque finn ein instrumentalen «Reinlender» frå debutalbumet i 1974 og «Dans, dans Olav Liljekrans» frå albumet med same namn frå 1978. Utover 80-talet var det berre Morten Bing, Lars Helljesen og Jenn Mortensen som var att av bandmedlemmene frå 70-åra. Gruppa vart oppløyst i 1984, men heldt enkelte konsertar på 90-talet.